Himlaleite // ħi'mlaləitə
Der himmelen møter horisonten

Oppstillte ski på nut, med sol bak.
Skiis on peak in front of sun.
Himlaleite er eit selskap som tilbyr berekraftige og unike naturopplevingar i Ryfylke - året rundt. Vi opererer ikkje med faste aktivitetar eller opplegg – men skreddarsyr kvar enkelt tur til deltakaranes erfaringsgrunnlag, føresetnadar og moglegheitene årstidene byr på.

Himlaleite er lokalisert på Sand i Suldal kommune, heilt nordaust i Rogaland. Vi ligg om lag to timar frå Stavanger med hurtigbåt, midt mellom Preikestolen og Trolltunga. Med bil tar det to timar frå Haugesund, fire timar frå Bergen, og seks timar frå Oslo.

Himlaleite er eit verdibasert selskap som ynskjer å vera eit alternativ til den tradisjonelle aktivitetsturismen. Vi driv ikkje i underhaldnings- eller event-bransjen og tilbyr ikkje faste aktivitetsopplegg for passive konsumentar. Naturen er ikkje ein stad ein dreg for å bli underhalden, men for å oppleva.

For oss er sporlaus ferdsel eit berande prinsipp. Ingenting ligg att etter oss og vi nyttar ikkje motorisert ferdsel i utmark. Godt naboskap med både grunneigarar, jegarar og andre som nyttar naturen er også viktig. Vi tek omsyn under jakta, og vi respekter verneområde og sårbare artar.

Vi går aldri på akkord med eigen eller andre sin tryggleik i fjellet. Himlaleite har saman med ekspertar på feltet utvikla eit grundig system for sikkerheitsstyring og risikovurdering og har gode rutinar og beredskapsplanar. Ved ynskje om svært utfordrande og teknisk krevjande turar, samarbeidar vi også med sertifiserte tindevegledere.

Respekt og likeverd ligg til grunn for alt me gjer, og hjå Himlaleite er alle trygge og velkomne, uansett kven du er. Vi legg til rette for at alle skal kunne bli med på tur – uansett funksjonsnivå.

Høyrest det interessant ut? Les meir om konseptet vårt, og ta kontakt for ein uforpliktande samtale!

Våre turleiarar

Mads Drange

Mads er initiativtakar og daglig leiar i Himlaleite. Han er utdanna ved Norges Idrettshøgskule og har meir enn 20 års erfaring med bratt friluftsliv. Skikøyring og toppturar er favorittaktivitetane, men han driver også med bølgesurfing, jakt og fiske. Mads har fleire ski- og vinterturar bak seg frå land som Afghanistan, Libanon og Marokko. Når han ikkje er på tur jobbar Mads som forfattar og brannmann.
Kontakt ›

Espen Emil Søreng

Espen Emil Søreng er ein erfaren friluftsmann og ikkje minst ein driven jeger og fangstmann, som bruker alle ledige stunder på fjellet og i skogen. Han driv også med fridykking, skikøyring og surfing, og er dessutan er svært dyktig fotograf. Espen er også utdanna kokk.

Gina Wigestrand

Gina er som Mads utdanna ved Norges idrettshøgskole, og har arbeidd med friluftsliv i ei årrekke både gjennom skuleverket og Den Norske Turistforening. Ho har også utvikla sitt eige digitale læremiddel i friluftsliv kalt “Snu i tide”. Gina er ein dyktig allrounder og har også vidareutdanning innan friluftsliv og sikkerheit. Gina bur til vanleg i Stavanger, men har hytte i kommunen, og er lommekjent i Suldalsheiane.

Petter Nielsen

Petter er ein tradisjonell friluftsmann med mange år bak seg som frivillig, leiar og kurshaldar innan Røde Kors-systemet, og har sjølv ei rekke sikkerheitskurs og sertifiseringar. Petter arbeider til vanleg som redningsmann i luftambulansen og er Himlaleite sin tryggleiksekspert.