Korleis fungerer det

Plan
Pack
Meet
Prep
Let´s go
Plan
Pack
Meet
Prep
Let´s go
Folk oppsøker naturen med ulike utgangspunkt og erfaringsgrunnlag, men målsetninga er stort sett den same: Avkopling, rekreasjon, ro og ei form for nærvær ein sjeldan får andre stadar enn i naturen.

Ideen bak «Himlaleite» er å opne opp Suldals-naturen for tilreisande gjestar, enten dei er på jakt etter den store stilla, dei intense opplevingane eller begge delar.

Vårt mål er å ta folk med inn i naturen som aktive, deltakande og lærande reisande - og ynskjer å legge til rette for at alle skal finna det dei søker, og skape minne for livet. For å få til dette er det viktig for oss og bli kjent med dei som skal bli med oss på tur. Vi startar difor alltid med ein prat kor vi får kartlagt ferdigheiter og erfaringar, forventningar og ynskje, og kjem basert på dette opp med eit turforslag til kvar enkelt gruppe. Korte og lange turar, dagsturar eller turar med overnatting i telt, hytter, snøholer eller under open himmel. Bratte skiturar, eller saktetid ved bålet og svartkjelen. Som turleiarar er det vi som sit med ansvaret for tryggleiken, mat og logistikk, men det er likevel viktig for oss å involvere gjestene i avgjersler som skal tas, og oppgåver som skal løysast. Vi er på tur i lag!

Turen inn til Suldal er ei oppleving i seg sjølv anten ein kjem fjordvegen eller med bil eller buss. Vi bistår gjerne med å finne eigna transport og overnatting når du kjem fram - om du treng det. Vi samarbeider med fleire overnattingsbedrifter, og kan tilby alt frå ankomst til avreise.

Vel framme tek vi ein ny prat, går igjennom dei siste førebuingane, og dreg på tur! For oss i Himlaleite er kortreist kvalitetsmat ein viktig del av turopplevinga, og vi samarbeider med fleire lokalmatprodusentar i regionen. Dessutan har vi med ein fotograf på tur, så du kan legga mobilen att heima!

Ta kontakt for ein prat og eit tilbod!

Bein utfor kant på topp av fjell.
Legs sticking off ledge on mountain peak.
Suldal kommune har dei høgaste toppane, dei djupaste innsjøane, dei lengste fjordane og den største elva på Sør-Vestlandet. Kommunen strekker seg frå Hardangervidda til Ryfylkebassenget, og frå høgfjell og brear til svaberg og sandstrender.
Mann står på SUP ned elv.
Man doing SUP on river.
Denne mangfaldige naturen byr på store moglegheiter for dei som er glade i å vere ute: Skikøyring, klatring, elvepadling – fotturar, bålkos og overnatting under stjernene. Jakt og fiske, vindsurfing og toppturar. Det ville og det stille.
Person på jakt i tåke landskap.
Person hunting in fog.
Langt unna lys, folk og mobildekning.
Sparking på is.
«Sparking» skating on icy lake.
Bli med oss på jakta på dei store og dei små eventyra!